Oslo rådhus, 5. oktober 1957
Olav V øver på ein tale, og kommoden er eit bilete av den avdøyde Håkon VII.
Inne i eit æreverdig rom i rådhuset møtast fleire statsrådar. Olav V sit i ei større stol ved enden av eit langbord. I hast finn fleire folk stolane sine. Olav V sit nokre få sekund heilt stille. Samlinga ventar att hvat OlavV skal si.
Olav V segjer:
«Eg har den siste dagen ringt umkring til statsleidarar, tala som – uroleg. Talt om det vanlege, som større tryggheit i nord, og uppmoda til meir samarbeid … alt det våset.»
Olav V ser nøye ut over samlinga. Så vert han bestemt i røysta.
«Vår styrke kom av andres oppfatning av oss som svake»
Så nikkar Olav V mot hærfyraren.
Hærfyraren reiser seg opp frå stolen.
«Eg har granska dei tilsendte dokumenta. Vi har fem utvalde amerikanske atomvåpen i Jotunheimen, og ti i Hammerfest. Skulle vi ha den minste åtvaring om at sovjetane vil setja Arktis i spel … den minste mistakne, må slå fyrst …»
Sovjetane vil svara raskt. Fem minutt eftir vår avfyring vil sovjetane svara med yver hundre atom stridshovud.
Alvoret legg seg i rommet. Hærfyraren ser mot kongen.
«Situasjonen er … ja …»
«Eg veit ikke um dei har nokon fornuftiga ord? Ord til inspirasjon?»
Olav ser ei stund på hærfyraren. Så lener seg noko tilbake i stolen og pustar tungt ut. Han reiser han sig opp att. Samlinga gjer sig beredd.
«Vår nasjon er intet meir enn det blodet me er viljug til å gjera for han.»
«Dei har min velsigning.»
Ein mann av stor form sit blant samlinga. Han får augnekontakt med Olav V og reiser handa halfvegs.
Så vendar Olav V blikket mot hærfyraren og nikkar til han òg. Hærfyraren reiser seg frå stolen og går mot døra. Han går ut gjennom døri og let ho stå open.
Så segjer Olav V:
«Dei blant samlinga som ikkje er kjend med koden Skogul, vennlegst forlét rommet.»
Lyden i rommet fyllest av stolar som byrjar å flytta sig, og sko som går over golvet. Etter ei tid går den siste personen ut, og døra vert lukka. Det vert stille i rommet. Berre fem personar sit att.
← →